Vedtekter for Grannabryggjo
Gjeldande frå 11.03.2020
§ 1 Foreininga sitt namn og føremål
Foreininga sitt namn er Grannabryggjo. Foreininga vart stifta 2. juni 2015.
Foreininga skal etablera og halde ved like eit ope rekreasjonsområde ved fjorden, til glede og nytte for innbyggjarane i bygdene og båtfolk. Ivareta medlemmene og almenta sine interesser og rettar til bruk av sjøen og havet som rekreasjonsområde og til anna privat fritidsbasert utnytting.
Foreininga har som mål å laga ei strand, ein samlingsplass med benkar og grillmogelegheiter, toalett, kai og båtplassar. Etter kvart vil me leggje til rette for klubbhus og sjøsportsenter. Området er fysisk plassert i Markastå på Sekse i Ullensvang herad, kort avstand for bebuarane i byggefeltet i Flisabakken, på Sekse, Hovland, i Sandstå, Stor og på Børve.
Foreininga skal drivast av medlemmene i Grannabryggjo på frivillig basis, med dugnadar og innsamlingsaksjonar. I tillegg til vanleg medlemskontingent, vil foreininga ha økonomisk inntekt ved utleige av båtplassar, som skal dekkje foreininga sine utgifter.
§ 2 Juridisk person
Foreininga er ein eigen juridisk person, og kan opptre som sjølvstendig part i avtalar med andre. Medlemene er ikkje personleg ansvarlege for foreininga si gjeld.
§ 3 Medlemmer
Alle som ønskjer, kan verta medlemmer i foreininga. Medlemskapet er gyldig når årskontingenten er betalt.
Alle medlemmer har stemmerett, og kan stille til val for tillitsverv i foreininga.
§ 4 Kontingent
Kontingenten vert fastsett på årsmøtet for komande år. Medlem som skuldar kontingent for meir enn eit år, har ikkje stemmerett eller andre rettar, og kan verte stroke frå medlemslista.
§ 5 Godtgjersle for tillitsvalde Tillitsvalde skal ikkje ta honorar for sine verv, med unnateke kasserar/økonomiansvaleg. Styret kan anten leiga inn kompetanse eller godtgjera kasserar/økonomiansvarleg.
§ 6 Innløysing og overdraging
Ved innløysing av båtplass, eller ved sal av båt skal fylgjende iakttas:
A. Alle medlemer kan leige båtplass, Innløysing av båtplass skal alltid skje gjennom styret. Sjå eigne prislister.
B. Dersom eit medlem ynskjer å leiga ut båtplassen sin må dette godkjennast av styret.
C. Ved sal av båt kan ikkje medlemskap eller båtplass overførast til kjøparen.
D. Kasserer innløyser båtplass når laget har funne medlem som overtek båtplassen, og denne har innbetalt depositum. Eventuelle skyldnader vert trekt frå.
E. Styret, eller ein som styret utnemner som hamnesjef, tildeler båtplassar etter ventelister. Innbyggjarar som er fast busett i dei næraste grendene (mellom Deildo og Skjeldås) har prioritet dersom det er ventelister.
F. Dersom medlem som leiger båtplass fell frå kan båtplassen innløysast til dødsbuet etter at evnt skuldnader er trekt frå.
§ 7 Havnereglar
Årsmøtet fastset ordensreglar for bruk av området. Desse reglane skal fylgjast av alle som bruker området, både dei som leiger båtplass og andre.
Medlemene plikter å ettersjå sine båtar ved mykje nedbør og vind. Medlem som oppdagar uregelmessigheiter eller skade av nokon art på laget sitt område, eigedom eller materiell, plikter å melda i frå om dette til havnesjef eller andre i styret.
Dersom båtar blir skada på grunn av slitte fortøyningar eller liknande, skal forholdet straks bli førsøkt retta på, og deretter meldast til båteigar. Eigar av båt som på grunn av manglande tilsyn, utilstrekkelig fortøyning, uansvarleg bruk av elektrisk straum og liknande, forvolder skade på andre sine båtar eller laget sin eigedom, er økonomisk ansvarleg.
Grannabryggjo har ikkje ansvar for skader som andre påfører medlemmene sine båtar, tjuveri frå desse , eller frå medlemmenes eigedom for øvrig, som befinn seg på lagets område.
Medlemmene sine båtar skal som minimum vera ansvarsforsikra. Joller som tilhøyrer hovudbåten er unnateke.
Grannabryggjo har forsikra sine eigedommar på sjø og land for skadetypar som vanlegvis kan inntre.
Medlem som ved sin oppførsel vekkjer anstøt og forargelse, virker til skade for foreininga, kan av styret, etter gitt varsel, ekskluderast. Eksklusjon kan ankast inn for årsmøtet, der årsmøtet sitt vedtak er endelig.
§ 8 Økonomiske forhold
Økonomiske forhold blir fastsett av årsmøte for eit år om gongen. Rekneskapsåret følger kalenderåret.
Dei viktigaste økonomiske føresetnadane er følgjande: Depositum - årskontingent – medlemsavgift
Dersom særskilde forhold oppstår som hindrar eit medlem i å betale i tide, skal forholdet takast skriftleg opp med styret. Eit medlem kan eksluderast med heimel i § 7 siste avsnitt. Uteståande krav skal i slike tilfelle trekkjast i frå eventuell innløysningspris.
§ 9 Årsmøte
Årsmøte, som vert halde kvart år, fortrinnsvis i februar og seinast i april, er foreininga si høgaste myndigheit. Styret kallar inn til årsmøte med minst 1 månads varsel, direkte til medlemmene eller ved kunngjering i avisa. Saker som skal handsamast på årsmøtet skal være sendt til styret seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste skal være tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.
Årsmøtet kan ikkje handsame forslag som ikkje er ført på sakslista.
Alle medlemmer kan delta på årsmøtet, og andre personer kan verte spesielt invitert.
Dei som møter på årsmøtet tek avgjersler. Ingen har meir enn ei stemme. Det er ikkje høve til å bruke fullmakt.
Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak, for å være gyldig, være slutta med eit alminneleg fleirtal av dei gitte stemmene. Viss det føreligg meir enn eitt forslag, kan ein krevje at valet skal skje skriftlig.
§ 10 Årsmøtets oppgåver
Årsmøtet skal:
1. Velje møteleiar
2. Godkjenne sakslista
3. Handsame årsmelding
4. Handsame revidert rekneskap
5. Fastsetje kontingent
6. Fastsetje vilkår og pris for leige av båtplass: innskot, depositum og årleg leige
7. Fastsetje havnereglar
8. Vedta budsjett
9. Velje medlemmer til styret.
a. Leiar
b. Skrivar
c. Kasserar
d. Havnesjef
e. To styremedlemmer
f. Inntil tre varamedlemmer i nummerert rekkjefølgje
Kvart styremedlem skal veljast for to år om gongen, slik at så godt som halve styret vekselvis går ut annakvart år. Ombodet som nestleiar skal leggjast til ein av dei fem andre styremedlemene, også dette for to år.
10. Velje revisor
11. Velje valnemd på to eller tre personar, som skal koma med framlegg til val for neste årsmøte.
12. Handsame innkomne forslag
§ 11 Ekstraordinære årsmøter
Ekstraordinært årsmøte vert halde når styret bestemmer det, eller når minst 1/3 av medlemmene krev det.
Det vert kalla inn på same måte som for ordinært årsmøte, minst 14 dagar i forkant.
På eit ekstraordinært årsmøte kan berre dei sakene som er kunngjort i innkallinga handsamast.
§ 12 Styret
Foreininga vert leia av eit styre på minimum 6 medlemmer. Styret er høgaste myndigheit mellom årsmøta.
Styret skal:
1. Gjennomføre årsmøtets vedtak.
2. Fordele oppgåver, sette ned komitear/utval/personer for spesielle oppdrag og utarbeide instruks for desse.
3. Administrere og føre nødvendig kontroll med foreininga sin økonomi etter dei instruksar og vedtak som er gjort.
4. Representere foreininga. Styret skal møtast når leiaren kallar inn til møte, eller når eit fleirtal av styremedlemmane ønskjer det.
Styret kan fatte vedtak når styreleiaren, eller nestleiaren i styreleiarens fråvær, og minst to styremedlemmer er til stades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei gitte stemmene. Ved jamt stemmetal, tel møteleiarens stemme dobbelt.
Styret kan fatte vedtak som er nødvendig for den daglege drifta, og vedtak som er innanfor årsmøtets føringar og strategiar for foreininga. Vedtak om å ta opp lån, eller å kjøpe, selje eller feste vekk fast eigedom, skal gjerast av årsmøtet. Styret følgjer opp desse vedtaka og sørger for dei vert gjennomført.
Foreininga vert representert av styret, ved at heile styret signerer, eller ved at styreleiaren og eit styremedlem i fellesskap signerer.
Styreleiaren og havnesjef har fullmakt til å signere avtaler om båtplasser åleine. Avtaler som vert signert på denne måten, er forpliktande for foreininga.
§ 13 Vedtektsendring
Desse vedtektene kan berre endrast på eit ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av stemmene.
§ 14 Oppløysing, samanslåing og deling
Viss nokon ønskjer at foreininga skal løysast opp, må det meldast inn til eit ordinært årsmøte. Viss det vert vedtatt oppløysing med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til eit ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket verta gjentatt på det ekstraordinære årsmøtet med 2/3 fleirtal.
Viss foreininga har formue eller eig eigedom, etter at all gjeld er betalt, skal formuen og/eller eigedomen gis til ei anna lokal foreining som har til formål å skape aktivitet i lokalmiljøet.
Ingen av medlemene har krav på noko av foreiningas midlar.
Samanslåing med andre foreiningar eller deling av foreininga, vert ikkje rekna som oppløysing. Vedtak om samanslåing/deling og nødvendige endringar av vedtektene vert gjort i samsvar med reglane om endring av vedtekter, jf. § 12. Styret lager ein plan for samanslåinga/delinga som årsmøtet skal stemme over. Før vedtaket kan gjerast, må det leggjast frem samtykke frå foreiningas kreditorar.
Utfyllande til vedtektene:
Styremedlemmenes oppgåver og plikter: Leiar har følgende oppgåver /ansvar:
A. At Grannabryggjo vert styrt i samsvar med vedtekter sett av årsmøte, og at styremøter blir gjennomført . Denne har fullmakt/ signatur saman med eitt av styremedlemene.
B. Planlegge gjennomføringa av utbygging av hamneanlegget.
C. Leia styre og medlemsmøter og kalle inn til slike møter. Kalle inn til styremøter når minst 3 styremedlemmer krev det, og til medlemsmøte eller ekstraordinært årsmøte når minst 1/3 av medlemmene krev det, eller at styret av andre grunner finn det nødvendig.
D. Har møterett i alle utval
Nestleiar: Backup for leiaren.
Kasserar har følgende oppgåver /ansvar:
A. Føre rekneskap for Grannabryggjo
B. Legge til rette for at medlemmenes økonomiske forpliktelser blir innbetalt i rett tid , og eventuelt purre desse.
C. Sørge for betaling av fakturaer og andre krav.
D. Legge fram for styret revidert rekneskap 14 dager før årsmøte, saman med liste over medlemmer som står til rest med sine økonomiske forpliktelser overfor Grannabryggjo.
E. Leggje fram revidert rekneskap for årsmøte F. Skal i samarbeid med resten av styret utarbeide budsjetter for framtidige prosjekt/planer.
G. Skal seinast 14 dager før årsmøtet leggje fram forslag til styret på eventuell endring av prisliste
H. Legge fram rekneskap, liste over status på medlemmer og dei som står til rest med økonomiske forpliktelser når styret ber om det.
Sekretær har følgende oppgåver /ansvar:
Protokollføre medlemsmøter og styremøter og sørge for at desse blir arkivert i Grannabryggjo sitt arkiv.
Styremedlem/hamnesjef har følgende oppgåver /ansvar:
A. Foreta innkalling til, og vera ansvarleg for gjennomføring av dugnadsarbeid i laget.
B. Føre liste over dugnadstimar, som skal leverast til kasserar minst ein månad før årsmøtet.
C. Påsjå at forureining unngåas, og at miljøskadleg avfall som for eksempel drivstoff, olje, batterier og liknande blir forskriftsmessig ivaretatt.
§5 Godtgjerdsle for tillitsvalde
Dersom ikkje styret har kompetanse for å ta hand om økonomi og regnskap, kan ein betala for denne tenesta.Dersom styret har slik kompetanse kan denne honorerast. Dette grunna mykje arbeid i dette vervet.Styret fastset honoraret etter skjønn.