Om Grannabryggjo
Grannabryggjo vart stifta 2. mai 2015 og tatt i bruk november 2018.
Det vart lagt ned eit stort arbeid for å få reguleringsplanen ferdig, og avtale om kjøp av grunn vart gjort med Statens Vegvesen.
For å kunna gjennomføra bygging av båthavna, var ein avhengig av å få overskotsmassar frå Deildoprosjektet.
Ein slik avtale kom i havn, og Grannabryggjo fekk dei massane dei trong. Reguleringsplanen til Grannabryggjo var ferdig før dei andre som skulle ha massar, det førte til at me rykka fram i køen blant dei som var lova massar. Den vart godkjent 7. september 2015.
Grannabryggjo hadde eit særs godt samarbeid med Statens vegvesen v/Terje Nesse og Contexo, firmaet som hadde Deildoprosjektet.
Me har søkt fleire stader om midlar, og me fekk kr. 50 000,- frå fond for bygdeutvikling. Så fekk Grannabryggjo kr. 500 000,- frå Gjensidigestifelsen. Det var noko som verkeleg viste att i budsjettet.
Me hadde fleire utfordringar med å få tak i plastringsstein til rimelegast pris, men kreativiteten var stor, og me kom i havn med det og.
Medan plastring av piren vart utført, vart det innhenta tilbod frå leverandørar av bølgebrytarar og utriggarar.
Grannabryggjo enda opp med avtale med Marinegruppen på Tysnes.
På ettervinteren 2019 vart bølgebrytarar og utriggarar montert, og dei som hadde kjøpt båtplass kunne leggja ut båtane sine.
Ei av utfordringane våre har vore straum og vatn. Det vart bora etter vatn, og me fann mykje og godt vatn.
No er det laga pumpehus, arbeidet med det er snart ferdig.
Det er ikkje nok straum i trafoen på Sekse, og det ville kosta mykje om Grannabryggjo skulle få montert ny.
Men til slutt fekk me avtale om å ta straum frå Grannatun. Trekking av kabel og kobling vil verta gjort så snart forholda tilseier det.
No er det montert lyssøyler på bølgebrytarane. Trekkerøyr er lagt ned, slik at alt er klart til å gjera det ferdig. Det er utført mange timar med dugnad.
Føyk og IAG har laga ein stor kai, som vil verta eit flott samlingspunkt.
Det som er att er å laga skjørt på framsida. Det vil verta ferdigstilt når forholda tilseier det.
Me har pr. mars 2020, solgt 36 av 41 plassar.